Skogrydding i lysløypa


Mange dugnadstimar lagt ned i lysløypa

Kvar vinter er det mange som har stor glede av løypenettet og skiløypene til Aure IL. Men det blir ikkje av seg sjølv det heller. Denne hausten er det lysløypa som er prioritert.

Vi er så heldige å ha seniorgruppa som stiller mannsterke opp og gjer ein kjempejobb. Dei har alleie bruka tre heile dagar på skogrydding og kvisting av skog. I dag var vi fleire yngre seniorar som stilte opp for å køyre ned vedstrangar til grunneigarar og dra vekk kvist slik at det ser fint ut. 

Stor takk til alle som har vore med!