Onsdag 26.mai vart årsmøtet i Aure IL gjennomført


Også i koronaåret har Aure IL hatt stor aktivitet!

For å overhalde smittevernreglane vart årsmøtet gjennomført i Kultursalen i Aure Arena, og vi hadde påmelding. Vi kunne sjølvsagt ønska oss enda større oppmøte, men totalt 12 medlemmar møtte opp.

I år var det ordinære årsmøtesaker, og sakslista såg slik ut:
Sak 1 Åpning
Sak 2 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3 Valg av møteleder og sekretær samt 2 til åsignere protokollen
Sak 4 Årsmelding Aure IL og gruppene
Sak 5 Regnskap, resultat og balanse 2020
Sak 6 Budsjett 2021
Sak 7 Medlemskontingenten 2022
Sak 8 Treningsavgift 2021
Sak 9 Organisasjonsplan
Sak 10 Valg
Sak 11 Innkomne saker

Styreleiar May Settemsdal ønska velkommen, og Ella vart vald som møteleiar. Line Ormset og Øivind Bugge signerer protokollen. Alle sakene på sakslista vart einstemmig godkjente. Ella las årmeldinga frå hovedstyret og gruppene høgt. Det er ingen tvil om at Aure IL har drive godt og har hatt stor aktivitet også i koronaåret 2020. Det er imponerande å sjå korleis ressurspersonar i laget handterer nye utfordringar som kjem i kjølvatnet av Covid-19.

Økonomien i laget er god til trass for at vi ikkje har fått gjennomført dei arrangementa vi hadde planlagt i 2020. Koronaen har ført til at vi både har mista somme inntekter, men vi har også hatt mindre utgifter. I tillegg er vi heldige som har solide sponsorar og samarbeidspartnarar som har støtta oss minst like mykje som før. Det er også godt å sjå at valgkomiteen har funne gode folk til å tre inn i ulike verv no når enkelte er ferdig med sin periode. 

Årsmøtet vart avslutta med at Kjetil Ås og Ingvar Våg fekk blomster for innsatsen dei har gjort i hovedstyret. Kjetil har vore leiar i 5 år og nesleiar i 1 år, og styrt laget med stødig hand. Ingvar har vore styremedlem i to periodar, dvs 4 år.
Mats Langtinn går ut av hovestyret, han deltok ikkje på årsmøtet pga jobbreise.

Det blir også etterlevert til medlemmar som ikkje var på årsmøtet, som som trer ut av verva sine i gruppestyra. For ski/friidrett gjeld det Kåre Grønbeck, Trygve Hauge og Olav Eines. I Tur og Trim går Gro Oldervik og Åshild Ulfsnes (vara) ut. Frå handballgruppa går Ragnhild Elise Næss,  Hege Romunset og Bjørn Georg Guldstein ut. I Spinning-gruppa er Berit Aas ferdig med sitt verv, medan i Turn-gruppa er det Jannicke Schei Stornes som går ut. I gruppa med løypekøyrarar er det 3 som gir seg no, det er Kjell Petter Lien, Geir Magne Vaag og Torkil Sagli. Siv Hege Stemshaug går etter mange år ut frå valgkomiteen.
Tusen takk til alle som no går ut av verva sine for alle timane de har lagt ned for Aure IL!

Takk for oppmøtet, og lykke til til alle som skal fortsette den gode jobben for Aure IL!

Signert protokoll frå årsmøtet