Aure Idrettslag fyller 100 år!


17.april 2022 er det 100 år sidan Aure IL vart stifta.

Den 17.april 1922 var ein del unge menn samla i kommunehuset på Aure. Bakgrunnen for møtet var eit forslag om å starte eit idrettslag. Før dei forlot kvarandre var dei samde om å opprette eit idrettslag og at namnet skulle vere Aure Idrettslag. 

Slik vart altså Aure Idrettslag starta for 100 år sidan. Etter den dagen har mykje skjedd i regi Aure IL, både av aktivitet og gode prestasjonar. I dag framstår Aure IL som ein svært aktiv hundreåring med varierte aktivitetar og tilbod. 

Det er ingen tvil om at idrettslaget har vore, og er, ein solid bærebjelke i Aure-samfunnet. Utan ildsjeler, dugnadsinnsats og mykje frivillig arbeid hadde vi ikkje fått til dette.

Korleis skal vi feire?

Sjølve dagen blir markert på heimesida og i sosiale media og blir på mange vis ein kick-off på jubileumsåret 2022. 

Laurdag 11.juni inviterer vi medlemmar i alle aldrar til «Aktivitetsbursdag på Aure Stadion». Dette er eit gratis arrangement der vi skal ha det triveleg saman med aktivitetar vi allereie har i Aure IL, lavterskel konkurransar og nokre overraskingar. Set av dagen og bli med på feiringa!

I løpet av året vil vi også publisere eit jubileumsskriv. Det er eit omfattande arbeid å samle informasjon om denne aktive jubilanten, men vi er godt i gang. Har du noko å bidra med så er det lov å tipse oss med gode historier, fakta eller bilete. Send i tilfelle ein epost om det til post@aureil.no eller stikk innom vår daglege leiar i Driftsbygget og slå av ein prat om det.

Vi arbeider også med ein jubileumsfilm. Denne filmen skal vise fram det Aure IL representerer etter 100 år med aktivitet. Filmen kjem i løpet av 2022.

Hipp, hipp hurra for Aure Idrettslag!